SUM masterstudent i klimautvalget

Mari Hasle Einang, masterstudent ved Senter for Utvikling og Miljø, er nytt medlem i klimautvalget. 

Bilde av Mari Hasle Einang

Masterstudent ved SUM, Mari Hasle Einang, har lenge vært engasjert i klima-arbeid. 

Klimautvalget er satt ned av regjeringen og skal jobbe med en faglig, helhetlig plan for at Norge skal bli et lavutslippsland innen 2050. På regjeringens nettsider står det:

- Ekspertutvalet skal sjå på korleis utsleppsreduksjonar og omstillinga kan skje på ein mest mogleg kostnadseffektiv måte med effektiv ressursbruk og eit konkurransedyktig næringsliv. Denne omstillinga må og medverke til ei utvikling som sikrar naturmangfaldet og eit berekraftig velferdssamfunn.

Det er veldig stas å bli spurt om å delta i utvalet, og eg ser fram til å kome i gong med arbeidet. Sjølv om 2050 verkar langt fram i tid for dei fleste av oss har vi dårleg tid med tanke på dei enorme omstillingane vi må gjere for å nå klimamåla, sier Einang. 

- Det er mykje snakk om at klimatiltak går på bekostning av natur, menneskerettar og velferd. Eg håper at vi kan kome fram til tiltak som bidreg til å styrke den sosiale og økologiske velferden og felleskapet, samtidig som det gjev store nok utsleppskutt. Det er dette som er krava frå Parisavtalen, og som må vere vår rettesnor i arbeidet, tilføyer hun. 

Lang erfaring med klima-arbeid 

Einang har lenge arbeidet med å påvirke norsk og internasjonal klimapolitikk. I 2018 var hun ungdomsdelegat til FNs klimatoppmøte, der hun satt i den norske offisielle delegasjonen til forhandlingene. Hun er også tidligere nestleder i ungdomsorganisasjonen Changemaker som arbeider med globale rettferdighetsspørsmål, samt tidligere leder for klimaarbeidet i organisasjonen. På SUM skriver Einang masteroppgave om den norske skolestreiken for klima-bevegelsen.

- Eg håpar å kunne bruke mi erfaring frå sivilsamfunnet til at arbeidet i utvalet vert so ope og inkluderande som mogleg. Vi har eit mandat som legg til rette for innspel og offentleg debatt, noko som er veldig viktig ettersom vi veit at alle vert råka ulikt av både klimatiltak og klimaendringer. Særleg er det viktig for meg at barn, unge og minoritetar vert høyrt i arbeidet. Dette jobba eg for under FNs klimaforhandlingar, men på grunn av press frå mindre demokratiske land vart det ikkje pålagt å involvere sivilsamfunn og sårbare grupper i utarbeiding av klimapolitikk. Det er difor veldig bra at Noreg likevel er tydlege på at involvering og offentleg debatt er eit imperativ for rettferdig omstilling, sier Einang. 

Vi gratulerer Mari og ønsker henne lykke til! 

Publisert 30. aug. 2021 14:33 - Sist endret 30. aug. 2021 15:13