English version of this page

Ny doktorgradsstipendiat ved SUM

Øyvind Sundet skal forske på korleis ulike forståingar av endring påverkar klimaforsking og -politikk i Noreg.

Øyvind Sundet

Vi ønskjer Øyvind Sundet velkomen som stipendiat ved SUM! Foto: Lise Bjerke/SUM

Øyvind Sundet har ein mastergrad i Development, Environment and Cultural Change frå Universitetet i Oslo og bachelorgrad i Administrasjon og leiing i offentleg verksemd frå OsloMet. Masteroppgåva handla om hushald som prøvde å kutte ned på eiget kjøtkonsum og deira erfaringar og utfordringar. Sidan han leverte masteroppgåva i 2021 har han har vært tilsett som forskar og prosjektleiar ved SUM, mellom anna i prosjekta MEATigation om kjøtkonsum og Flexeffect om fleksibel strømbruk.

Som doktorgradsstipendiat ved SUM skal Øyvind forske på korleis berekraftig endring blir forstått på tvers av samfunns- og naturvitskap og korleis desse forståingane innverkar på klimapolitikken i norsk kontekst. Målet er å belyse korleis forskjellege grunnsetningar, verdiar og paradigme set rammer for kva for ein kunnskap som blir rekna som nyttig og verdifull i transformasjonen mot et meir berekraftig samfunn. Prosjektet vil òg utforske korleis alternative forståingsrammer kan føre til meir gjennomgripande samfunnsendring i ein berekraftig retning.

Rettleiar for doktorgradsprosjektet ved SUM er Ulrikke Wethal.

Forsking på energi og berekraft ved SUM

Bildet kan inneholde: anlegg, blomst, terrestrisk plante, organisme, gress.Øyvind blir med i ei større gruppe med forskarar som jobbar med berekraftig forbruk og energi ved SUM. Doktorgradsprosjektet hans er òg ein del av forskingsprosjektet RESULTS – Research for Energy and Sustainability Transformations som blir leidd av Arve Hansen og Karen O’Brien. Prosjektet har fått midlar frå UiO:Energi og miljø og er ein del av INCLUDE – Forskingssenter for sosialt inkluderande energiomstilling.

Les meir om vår forsking på berekraftig forbruk og energi her

 

Publisert 15. juni 2023 09:44 - Sist endret 16. juni 2023 10:21