Kjøtforbruket når nye høgder i Vietnam

Vietnamesisk matkultur er kjend for sin bruk av urter og grønsaker. Så kvifor aukar kjøtforbruket i Vietnam i eit forbløffande tempo?

Kjøtmarknad i Vietnam

Kjøt har på ulike måtar blitt ein viktig del av vietnamesiske forbrukarar sine matpraksisar. Foto: Min An, Pexels.com

Vietnamesiske matvaner er i endring, det er liten tvil om det. Folk et meir enn nokon gong, og dei et mykje meir kjøt og andre animaliske produkt enn nokon gong.

Dette er ikkje særleg overraskande, gitt at landet over dei tre siste tiåra har gått frå å vere eitt av Asias fattigaste land til å bli ein «framveksande økonomi» og i prosessen har gått frå matmangel til matoverflod. Men sjølv om vi tek med i reknestykket at aukande kjøtforbruk er forventa ved sida av økonomisk vekst, aukande velstand og urbanisering, har endringane i Vietnam vore slåande.

Det er tydeleg at Vietnam går gjennom ein dramatisk overgang i retning meir kjøtintensive matvanar. For ikkje lenge sidan besto ein vanleg vietnamesisk diett hovudsakleg av ris og grønsaker. Kjøt vart berre ete ved spesielle høve. No for tida er det heilt vanleg å inkludere kjøt i kvart einaste måltid. Faktisk et den gjennomsnittlege vietnamesar no fire gongar meir kjøt enn ho gjorde for 30 år sidan

Frå gard til gatemat

Postdoktor Arve Hansen forskar på endringar i vietnamesisk forbruk.

Vi må sjå på heile kjeda frå produksjon til konsum for å forstå kva som føregår.

For å starte på garden: Vietnam sin dramatiske auke i landbruksproduksjon sidan doi moi-reformene blei sett i gong i 1986 er godt kjent for dei som har fulgt med på utviklinga i landet. Men medan kaffi og ris har fått mykje merksemd, har kjøt i stor grad gått under radaren. Vietnam har hatt ein spektakulær auke i husdyrhald og kjøtproduksjon. Faktisk har produksjonen i denne sektoren vekse raskare enn i resten av landbruket og representerer no ein tredjedel av all landbruksproduksjon i landet.

I tillegg kjem mykje av kjøtet som blir ete i Vietnam i aukande grad frå bønder i andre deler av verda. Saman med nye handelsavtalar har import av kjøt auka kraftig, spesielt frå USA og India og hovudsakleg kylling og storfekjøt. Vietnam importerer til og med levende storfe frå Australia som så blir slakta innanlands.

For å fortsette vidare langs verdikjeda: Slaktehus er no mykje større og meir effektive enn før. Tilgangen til kjøt har også auka på forhandlarsida, med ein stor auke av supermarknadar og minimarknadar, i tillegg til gatekjøken, hurtigmatkjeder og restaurantar.

Men alle desse endringane på produksjonsida ville sjølvsagt ha lite å seie om ikkje folk faktisk ønska å ete meir kjøt.

Ein framveksande kjøtkultur

Kjøt har i aukande grad og på ulike måtar blitt ein viktig del av vietnamesiske forbrukarar sine matpraksisar. Nokre av desse matvanane er temmeleg prangande, slik som oppblomstringa av eksklusive biffhus der rike vietnamesarar lett kan bruke ei gjennomsnittleg arbeidarmånadslønn på eit måltid med importert biff og raudvin.  Andre er mindre oppsiktsvekkjande, slik som den gradvise auken av mengda kjøt i gatemat.

Ta den berømte pho-en som eksempel: For ikkje lenge sidan ville den no verdskjende nudlesuppa bli servert med ørsmå porsjonar av biff (eller kylling), om ho hadde kjøt i det heile. Nokre forbrukarar klagar no over at det er for mykje kjøt i suppa. Det er opplagt at matvanar er i ferd med å endre seg, noko ein også ser tydeleg i at forbruket av biff og kylling aukar klart raskast, sjølv om svinekjøt framleis er mest populært.

Det blir stadig meir kjøt i den kjende vietnamesiske retten pho. Foto: Jame and Jess, Flickr.com.

Biffhus og pho tek oss til ein viktig del av kjøtintensiveringa i vietnamesiske kosthald. Studiar viser at folk i ulike land og kulturar gjerne et meir kjøt når dei et ute enn når dei et heime. I Vietnam inkluderer det typiske familiemåltidet kjøt, men ofte som ein liten del av eit større  måltid beståande av ris og grønsaker, samt kanskje sjømat. Men over dei siste tiåra har vietnamesarar gradvis gått ut for å ete mykje oftare enn før.

Hurtigmatkjeder som McDonalds og Burger King er ein del av denne nye matkulturen i landet. Men den «austlege» påverknaden er utvilsamt mykje sterkare enn den «vestlege». Til dømes er japanske og koreanske grillrestaurantar både ekstremt populære og veldig kjøtintensive.

Kjøt som framsteg

Samstundes med at alt dette skjer, så er det likevel mange vietnamesarar som kuttar ned på kjøtforbruket, vanlegvis på grunn av helse, men nokre også  av omsyn til miljøet eller dyrevelferd. Å bli vegetarianar er blitt trendy blant delar av den unge, urbane middelklassen og blir ofte sett på med undring og irritasjon frå foreldre og besteforeldre som hugsar ei tid da kjøt var luksus. 

Og dette er et viktig poeng. I et land der sjølv den rikaste delen av befolkninga hugsar ekstrem matmangel, er kjøt for mange ein definerande del av framsteg. Sjølv om velståande vietnamesarar kuttar ned på kjøtet, er det mange som nettopp har fått moglegheit og råd til å kjøpe det. Mange av prosessane eg har presentert her som drivkrefter bak det aukande kjøtforbruket er dessutan på eit tidlig stadium i landet. Ved sidan av aukande vegetarianisme er det derfor høgst sannsynleg at vi vil sjå ein vidare auke i Vietnam sitt kjøtforbruk.

Dette er en oversettelse av en kronikk publisert i The Diplomat. Kronikken er også publisert på Asiapunkt.no.

Av Arve Hansen
Publisert 20. aug. 2018 11:57 - Sist endret 4. juli 2019 14:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere

illustrasjon

Matlære

En blogg om mat, miljø, etikk og politikk. Her legger vi ut våre egne og andres tanker og tekster om hvordan mat lages, distribueres, selges og konsumeres.

Også prøver vi å forstå hvorfor det er så vanskelig å spise riktig i dagens samfunn.