Fem kjappe til Asia-eksperten: Arve Hansen

Fem kjappe til eksperten! Vi stiller en Asia-ekspert fem spørsmål om interesser, Asia-forskning og aktuelle saker.

Bildet kan inneholde: person, hår, panne, nese, hake.

1. Hva driver du med for tiden?

  • Eg jobbar som forskar ved Senter for utvikling og miljø ved Universitet i Oslo og leiar Asianettverket saman med Kenneth Bo Nielsen. Forskinga mi handlar generelt sett om forbruk og berekraft. Pandemi, småbarnsliv og prosjektfinansiering har gjort at eg jobbar meir i Norge enn før, men håper å snart kunne intensivere Asia-delen av forskinga mi. Der har mykje handla om berekraft, utvikling og endra forbruksmønster, med eit fokus på dei nye middelklassane. Akkurat no jobbar eg også som seniorforskar ved PRIO, på prosjektet MigrationRhythms, og skal snart reise til Hanoi for å gjere feltarbeid.

 

2. Hva gjorde deg interessert i Asia?

For meg skjedde det litt indirekte. Eg tok ein mastergrad i utviklingsstudium ved SOAS i London. Men sjølv om eg før det jobba litt i India, var det ikkje fyrst og fremst Asia-ekspertisen som tok meg til SOAS, heller dei kritiske perspektiva på utvikling og globalisering. I utviklingsstudium står jo Asia sjølvsagt sentralt, og eg interesserte meg meir og meir for det «globale skiftet» austover og særleg dei asiatiske tigrane og ulike utviklingshistorier frå regionen. Mot slutten av masterløpet fekk eg jobb i Kulturstudier i Vietnam, og saman med ein vegleiar (Dae-oup Chang) som meinte at å studere utvikling i Vietnam var mykje meir interessant enn alle dei andre ideane eg hadde, endte eg med å skrive masteroppgåve om reform og utvikling i Vietnam. Etter tre semester i landet fekk eg stipendiatstilling ved SUM og skreiv doktorgrad om forbruk, utvikling, sosialisme og kapitalisme sidan reformane kjent som Doi Moi, med fokus på det fascinerande mopedsamfunnet som har utvikla seg og den store framveksten av privatbilisme det siste tiåret. Sidan det har eg haldt det gåande og bl.a. jobba mykje med mat, særleg det raskt aukande kjøtforbruket i Asia generelt og Vietnam spesielt.
 

 

3. Hvor lenge har du jobbet med/i regionen og i hvilke land?

Sidan 2010, 2011. Nesten kun i Vietnam, men med eit blikk til mange andre land, særleg dei andre «sosialistiske marknadsøkonomiane», altså Kina og Laos. I tillegg litt casespesifikke interesser i andre land. Eg er for eksempel med på ein artikkel som snart kjem ut og som fokuserer på den Søraust-asiatiske ølindustrien, med fokus på Thailand og Myanmar. Eg skal også etter planen snart bli med på å skrive ein artikkel om kjøtkonsum og kjøtreduksjon i Sør-Korea. Utover det held jo stillinga i Asianettverket meg oppdatert på mykje som skjer i regionen, og eg er også medansvarleg for eit eige mastergradsemne på utvikling og berekraft i Asia.

 

4. Hva er for deg det mest interessante som skjer i Asia om dagen og hva burde man følge ekstra med på fremover?

Oi, det er så mykje. For meg er sjølvsagt dei ekspanderande middelklassane spesielt interessante, her er det mykje å følge med på. Eg synast både endring i forbruksmønster og framveksten av Asia som sentrum av den globale kapitalismen sine forbruksmarknadar er vel verdt å følge med på. I tillegg er flyttinga av arbeidsintensiv industri frå Kina til Søraust-Asia ein veldig interessant trend.  Eg synast også tilnærmingar til berekraft i regionen er veldig interessante, alt frå Xi Jinping sin «økologiske sivilisasjon» til ulike lokale initiativ.
 

 

5. Hva har gått under radaren i det norske nyhetsbildet i det siste?

Det norske nyheitsbildet er nesten fullstendig blotta for stoff på Søraust-Asia, så her kunne eg seie omtrent kva som helst. Eg kan ta to triste nyheiter frå dei siste vekene: At juntaen i Myanmar nyleg dømte journalisten Hmue Yadanar Khet Moh Moh Tun til 10 års fengsel og straffearbeid for å «støtte terrorisme». Og at nudleselgaren og aktivisten Bui Tuan Lam blei dømt til 5,5 års fengsel i Vietnam for «anti-statspropaganda» etter blant anna å i ein video ha gjort narr av at ministeren for offentleg sikkerheit i det kommunistpartistyrte landet åt ein gulldekt biff til over 20.000 kr i London.

Publisert 23. juni 2023 11:13 - Sist endret 23. juni 2023 11:13