English version of this page

Berekraft og forbruk i norske hushald

Kva hindrar og mogleggjer ein overgang til meir berekraftig og rettferdig forbruk i Norge?

Reol full av bøker, tv og andre gjenstander

Foto: Siniz Kim på Unsplash

Om prosjektet

Overforbruk er ein heilt sentral del av globale berekraftsutfordringar, men blir ofte oversett i berekraftspolitikk. Sidan ein stor del av globale utslepp og global ressursbruk er knytt til forbruksmønster, spelar hushald ei avgjerande rolle. I Norge, med særs høg materiell levestandard og sterk kjøpekraft, utgjer forbruket ein stor del av det nasjonale karbonavtrykket. Forbruk er også eit sentralt spørsmål når det kjem til sosial ulikhet: For det fyrste forbruker sosiale grupper i Norge ulikt. For det andre produserer rike land som Norge lite av det som faktisk blir konsumert innanfor landegrensene. Dette gjer at Noreg ‘eksporterer’ mykje av sine forbruksrelaterte utslepp, sidan utslepp målast på bakgrunn av produksjon.

Eit solid forskingsgrunnlag viser tydeleg at forbruk er eit komplisert sosialt fenomen, sterkt påverka av ei rekke politiske og materielle faktorar. Likevel fokuserer miljøpolitikk i stor grad på individet og ein idé om at rasjonelle forbrukarar vil gjere berekraftige val såframt dei får nok informasjon. Dette prosjektet går djupare enn individuelle val og fokuserer på å forstå forbruk som del av kvardagslivets geografiar og praksisar, inkludert korleis produksjon og ‘provisjonssystem’ påverkar forbruksmønster.

Å vere ein berekraftig forbrukar er forvirrande og særs vanskeleg. Basert på intervju med hushald, avgjerdstakarar og næringslivsaktørar prøver dette prosjektet å forstå utfordringane og forhandlingane hushald står ovanfor, samt dei sosiale, politiske, materielle og institusjonelle faktorane som hindrar og mogleggjer berekraftig og rettferdig forbruk. 

Publikasjonar

Finansiering

Norges forskningsråd

Variget

2021 – 2024

 

 

Publisert 3. nov. 2022 11:15 - Sist endret 1. feb. 2024 12:55

Kontakt

Deltakere

Detaljert oversikt over deltakere