Programråd

Programråd for SUMs masterprogram Development, Environment and Cultural Change.

Programrådet for masterprogrammet er eit rådgjevande organ for undervisningsleiar.1)

  1. Undervisningsleiar føreslår eit programråd for senterleiar med varamedlem og eventuelle seinare suppleringar dersom medlem eller varamedlem går ut av rådet, eller rådet blir utvida. Senterleiar godkjenner medlem og varamedlem, og tek til etterretning studentane sitt val av medlem i rådet. 
  2. Programrådet skal ha følgjande samansetning:
  • Undervisningsleiar 
  • Studieleiar2)/programkonsulent (fungerer som sekretær for rådet) 
  •  4 – 7 vitskapleg tilsette som er involvert i undervisningstilbudet ved SUM, med følgjande samansetning: 
    • Emneansvarlege for dei tre obligatoriska emna i programmet; SUM4100, SUM4200, og SUM4300. 
    • Ein representant for dei øvrige vitskaplege tilsette ved senteret, som er involvert i undervisning
    • 2 studentar, (ein representant frå kvart kull)

Programrådet har ansvaret for:

  • kvalitetssikring av studieprogrammet, inkludert sikre samanheng i programmet og god kopling mellom læringsmål, undervisningsformer, vegleiing, evaluerings- og vurderingsformer og læringsutbytte
  • programskildringar
  • vurdere endringar i programmet sin emneportefølje, herunder nye valfrie emne og større endringar i eksisterande emne
  • retningslinjer for opptak til masterprogrammet
  •  samarbeidsavtaler med andre einingar

Saker som ein ønsker skal bli tatt opp i programrådet, sendast til undervisningsleiar (seinast 10 dagar før neste møte).

Sakspapir sendast normalt til programrådet sine medlem ei veke før neste møte. Det kan ofte vere ettersendingar. 

SUM sitt programråd per oktober 2023

Leiar

Arve Hansen – undervisningsleiar

Studieleiar

Gudrun Cecilie Eikemo Helland - sekretær

Vitskapleg tilsette

  • Johanna Adolfsson – emneansvarleg SUM4100 (midlertidig tilsett)
  • Tom Neumark – emneansvarleg SUM4100 (fast tilsett)
  • Sidsel Roalkvam – emneansvarleg for SUM4200 (fast tilsett)
  • Jostein Jakobsen – emneansvarleg for SUM4200 (midlertidig tilsett)
  • Ulrikke Wethal – representant for dei øvrige vitskaplege tilsette (midlertidig tilsett)

Studentar (to møter til kvart møte, ein frå kvart kull)

  • Silje Abrahamsen – Student, fyrste år

  • Vincent Pucher – Student, fyrste år

  • Anna Elisabeth Røer Falch – Student, andre år
  • Melissa Arbiter – Student, andre år

Noter

1) Undervisningsleiar er ei vitenskapleg stilling og undervisningsleiar tilsettast i ei fastsatt prosentstilling av senterleiar på vegne av SUM sitt styre. Undervisningsleiar fungerer som fagleg leiar for undervisningstilbudet på bachelor, masternivå og EVU (etter og videreutdanning) på SUM, og som programleiar for masterprogrammet.

2) Studieleiar er ei administrativ stilling og studieleiar tilsettast av senterleiar på vegne av SUM sitt styr. Studieleiar har det administrative ansvaret for undervisningstilbudet på bachelor og masternivå ved SUM, og fungerer som programkonsulent for masterprogrammet.

Publisert 12. juni 2023 11:49 - Sist endret 28. sep. 2023 09:35