mariukor

Bilde av person
Kan ikke hente personopplysninger fra ekstern kilde

Eg jobbar som førsteamanuensis ved Institutt for tverrfaglige kulturstudier ved NTNU og er gjesteforskar ved SUM. Eg brukar mesteparten av tida mi på å leie prosjektet 'A Middle Way? Probing Sufficiency through Meat and Milk in China' (MidWay - ERC Starting Grant), som handlar om å få betre greie på omgrepet "sufficiency" ('tilstrekkelegheit'), der forbruk og produksjon av kjøtt og melk i Kina er case. I tillegg er eg involvert i forskingsområde 1 om djup avkarbonisering og breie samfunnsendringar i FME NTRANS - Norwegian Centre for Energy Transition Strategies, MEATigation-prosjektet (NFR 2020-2024), som går ut på å utforske korleis kjøtt er vevd inn i norske matpraksisar, og å finne måtar å fremje berekraftig kjøttbruk i Noreg, COJUST-prosjektet og GreenBlack-prosjektet.

Mellom mai 2016 og februar 2020 var eg postdoktor tilknytta Forskningssenter for nullutslippsområder i smarte byer (FME ZEN ) og Senter for berekraftige energistudier (FME CenSES). Prosjektet handla om rollen til "prosumentar" og nye former for energibruk i lågenergibygg og områder. Eg nytta eit internasjonalt perspektiv, og forska på prosumentar i urbane bustader/områder i Noreg og Kina. I løpet av postdoc-perioden skreiv eg boka "Wind and Solar Energy Transition in China".

Tidlegare har eg forska på korleis nullutlsleppsbygget ZEB Living Lab vart tatt i bruk av ulike grupper menneske. Living Lab, som står ved Perleporten på Gløshaugen, er ein einebustad som er bygt for å demonstrere korleis eit CO2-nøytralt bygg kan bli realisert i norsk klima. Bygget er designa for å utføre eksperimentelle undersøkingar på ulike nivå, slik som tekniske og energimessige utfordringar, eller samspelet mellom brukarar og lavenergibygg.

Faglige interesser

  • Innovasjon
  • Energi- og klimaomstilling
  • Forbruk
  • Energibruk
  • Solkraft
  • Vindkraft - offshore og onshore
  • Kina
  • Sufficiency
  • Delingsøkonomi
  • Kjøttkonsum og berekraftig landbruk
  • Improteater og forskingsformidling

Bakgrunn

  • B.A. i Internasjonale Studier, Universitetet i Oslo (2009) Tittel på oppgåva: "Kaffi, konkurranse og koloni - Ei samanlikning av den økonomiske utviklinga til Costa Rica og Nicaragua"
  • B.A i Historie, Universitetet i Oslo (2011) Tittel på oppgåva: "Nyttig kunnskap i aust og vest - Kan omgrepet nyttig kunnskap gjere oss klokare på globalhistorie?"
  • M.Phil. i Culture, Environment and Sustainability (2012) Tittel på oppgåva: "The Growth of a Green Industry - Wind Turbines and Innovation in China"

Emner

Emneord: Kjøtforbruk og kjøtreduksjon, Energi, Kina

Fant ingen resultater i Cristin

Publisert 28. nov. 2022 15:00 - Sist endret 28. nov. 2022 15:07